DA i AA – Fagtur til Salsnes Filter 25.-27.november 2014
Det var 24 deltakarar frå 11 kommunar av 15 kommunar i Aust Agder i tillegg til 2 stk. frå Driftsassistansen/Sweco.
Vi reiste frå Kjevik på morgonen den 25. november 2014, og etter eit flybytte på Gardermoen var vi framme på Værnes i 12- tida. Der stod det buss klar og venta på oss for vidare transport til Namsos som var målet for turen. Bussturen tok om lag 3 timar og vi hadde eit stopp undervegs for å få litt å bite i. Ved framkomst i Namsos vart vi innlosjert på Scandic Rock City Hotel i flotte rom. På ettermiddagen fekk vi ei omvising på opplevingssenteret i Rock City, som gav innsyn i historia til trønderrocken og bakgrunnen til at Namsos vart rockebyen.
Vi fekk høyre om trønderrockens historie.
Etterpå møtte vi representantar frå Salsnes Filter og fekk servert ein god middag på hotellet. Neste morgon møtte vi opp friske og opplagde på Salsnes Filter sitt hovudkontor i Namsos der vi fekk ein god presentasjon av produkt og selskapet. Vi fekk og høyre at dei har levera filter til eit reinseanlegg i Guadalajara, Mexico som har kapasitet til å reinse 55.200 m3 pr. time og som berre treng mindre en 1/20 del av arealet i forhold til sedimenteringsbasseng i primærrenseanlegg.
Klare som egg til å ta i mot informasjon om Salsnes Filter.
Og så bar det av stad til Salsnes industriområde som ligg om lag 30 km frå Namsos sentrum, og der Salsnes Filter vert produsera. Vi hadde med oss fleire av leiarane i Salsnes og fekk ein svært god gjennomgang av både produksjonen og virkemåte av filtra. Når ein går gjennom alle trinn i produksjonen ser ein godt korleis oppbygging og virkemåten på produktet er.
Frå monteringshallen – Bjørn og Leif på inspeksjon.
Dei fleste vart nok overraska over at mykje av det som stod klar til å sendast ut til kundane, faktisk var til andre land. Mellom anna til Ukraina og Russland.
Det var mange filter som var klare for utsending til kundar i Ukraina og Russland (Arne linselus)
Før vi reiste attende til Namsos var vi innom ein ferjestad og fekk oss lunsj. Vel attende i Namsos reiste vi til Tiendeholmen RA som er reinseanlegget for Namsos by. Dette er eit §14 anlegg med primærreinsing og som vert drifta av Salsnes Filter. Anlegget har installera 6 stk. Salsnes filter og vert nytta som forsøksanlegg for mellom anna tilsetting av kjemikaliar i filtra for å betre reinsinga og auke kapasiteten.
Nei, det er ikkje på sjukehuset – dette er Tiendeholmen RA.
På kvelden var vi på Tino’s restaurant og fekk servert ein flott middag.
På torsdags morgonen reiste vi til Tavlåa VV som forsyner vatn til Namsos by. Dette har Moldeprossessen som vassbehandling med UV som desinfisering og nyttar Tavlåvatnet som råvasskjelde.
Heile hurven samla ved Tavlåa VV
Etter lunsj på hotellet var det tid for å vende snuta heimover og ved 20:30 tida landa vi på Kjevik noko slitne, men godt fornøygde med ein vellykka fagtur, og der vi sit att med eit positivt inntrykk av produktet Salsnes filter og ikkje minst den gjestfriheten vi vart møtt med frå alle i firmaet.
Her kan du sjå ein video om korleis Salsnes – teknologien fungerar:
https://www.youtube.com/watch?v=ALtkEq6LP_Q#t=17
Vidar